torsdag 4. juni 2009

Fakta Mår (martes martes)

Norsk :: Mår
Latinsk :: Martes martes
Fakta ::
Kvar: Måren finst over det meste av landet. Den held som regel til i tett barskog. Måren har få fiendar, og held den seg inne i den tette skogen, er den nokså trygg.
Utsjånad: Måren kan du kjenne igjen på den gulkvite flekken på strupen og brystet. Den er omtrent en halvmeter lang (utanom halen), har korte bein og buskete hale.
Ungar: Måren føder 2-4 unger i april - mai. Ungane er saman med mora heile sommaren og forlet henne ikkje før om hausten. Då er dei like flinke jegerar som mora si.
Mat: Måren er eit rovdyr, og et både ekorn, mus og fuglar. Til og med så store dyr som harar kan bli tatt av måren. Men måren et også insekt, bær, frukt og sopp. Måren brukar fyrst og fremst øyrene og luktesansen sin når den skal finne byttedyr. Derfor jaktar den helst om natten.
Bolig: Måren bor ofte i eit uthola tre, eit tomt ekornreir eller liknande. Dei kan også bu på bakken i ei jordhule.
Jakt: Skotpremie og pelsjakt førte til sterk nedgang i mår-bestanden rundt 1900-tallet. Måren blei freda i 1930. No er det lov å drive jakt på mår over det meste av landet i november-mars.

En god Mårlink: http://www.aftenposten.no/dyr/article547936.ece

Ingen kommentarer: